Sinnsetten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinnsetten (òg stundom skrive Sinnseten, Singsetten el. Singsetten) er eit fjell rett vestanfor Røsvatnet og Bjørnavatnet og austanfor tettstaden Tømmervåg på øya Tustna i Tustna kommune på Nordmøre. Det høgste punktet, Sinnsettuva, er 326 moh.. Fjellet har gjeve namn til det årlege skirennet Singsettrennet, som går frå Leira forbi Sinnsetten til Jørenvågen.