Sjem Tob ben Joséf Falaquera
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjem Tob ben Joséf Falaquera (ca 1225–ca 1295) var ein sefardisk diktar, omsetjar og formidlande filosof i den nyplatonske skulen.
Sjem Tob ben Joséf Falaquera vart fødd i Provence eller Nord-Spania omlag 1225. Han døydde truleg ca 1295. Generelt var han, i pakt med sitt eige mål, meir ein formidlar enn ein nyskapar, og han omsette fleire nyplatonske tekstar.
I dei to verka Resjít ḥokhmá (‘Visdommens byrjing’) og Sefer Hammebakkésj (‘Den søkjandes bok’) tek han mellom anna føre seg musikk. I Resjít ḥokhmá tek han for seg klassifikasjon av greiner av musikken. Grunnskiljet går ifølgje honom mellom praktisk og teoretisk musikk. Han skil her — som Regino av Pruem — mellom naturleg og kunstig musikk, der den naturlege musikken er den som blir framført med stemma. Vidare underdeler han den teoretiske musikken i fleire disiplinar. Det same kjem han inn på i det seinare verket Sefer Hammebakkésj, der han i tillegg skriv om musikkens opphav og verknad, og dessutan om musikkens akustiske karakter.
[endre] Verk
- De‘ót happilosofím (‘Meiningane åt filosofane’)
- Resjít hokhmá (‘Visdommens byrjing’)
- Sefer hammebakkésj (‘Den søkjandes bok’)
[endre] Kjelder
- Utne, Olve: «Jødisk musikksyn i middelalderen. Musikkens plass i jødisk, filosofi, religion og vitenskap fra Philo til Gersonides». Essay på musikkvitenskap hovudfag. Univ. i Oslo, 1991.