Sjonglering
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjonglering er ofte brukt som eit paraplyomgrep for fleire typar manipulering av objekt, der det er eit mål å gjøre rørsler som er uvanlege, vanskelege eller vakre.
Meir spesifikt refererer sjonglering til gjentatte kast og mottak av objekt som ballar, kjegler og ringar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Sjongleringskunsten går tilbake til ca. 1500 f.kr. (kanskje endå tidlegare). Bilete av sjonglørar har vore funne i egyptiske gravar, og sjonglørar var aktive i romarriket.
[endre] Triks
Ein hovudaktivitet blant sjonglørar er å lære seg nye triks. Mange triks (spesielt innan ballsjonglering) kan forklarast med notasjonssystem som siteswap og beatmap, mens andre treng ein meire informasjon for å skildre.
Det grunnleggjande sjongleringsmønsteret for eit odde tal ballar er kaskade. Kvar hand kastar annankvar ball til motsett hand, i eit horisontalt åttetalsmønster. For det vanlege partalsmønsteret fontene ser det ganske likt ut, men her byttar aldri ballane hender.
[endre] Andre formar for sjonglering
- Diabolo
- Devilstick
- Sigarboks
- Balansering av diverse objekt
- Club-swinging og Poi
- Footbag (hackeysack)
[endre] Eksterne lenker
- Sjonglering.com - Norsk side med informasjon om triks, klubbar og arrangement.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |