Skeistorkar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeistorkar er ei gruppe store, langbeinte vadefuglar med lange, flate og skeiaktige nebb i ibis- og skeistorkfamilien (Threskiornithidae).
Fuglane lever helst i ferskvatn, men kan òg greia seg i saltvatn. Dei bruker fleire timar kvar dag på å eta. Med halvopne nebb som dei rører frå side til side leiter dei gjennom grunt vatn etter mat. Så snart dei merker ei rørsle slår nebbet seg ihop, og insektet, skaldyret eller ein liten fisk er blitt storkemat.
Det finst seks skeistorkartar som er utbreidde over heile verda:
- Skeistork (Platalea leucorodia)
- Kinaskeistork (Platalea minor)
- Afrikaskeistork (Platalea alba)
- Kongeskeistork (Platalea regia)
- Gulnebbskeistork (Platalea flavipes)
- Rosenskeistork (Platalea ajaja el. Ajaia ajaja)