Sliven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sliven og låglandet i Trakia sett frå sørlege delar av Balkanfjella | |
Lokalisering | |
---|---|
Plassering i Bulgaria | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Bulgaria Sliven |
Geografi | |
Flatevidd - By |
km² |
Innbyggjarar - By (2006) |
106 434 |
Koordinatar | 42°41′″N, 26°20′″E |
Høgd over havet | 243 m |
Tidssone | EET (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 8800 |
Telefon-retningsnummer | 044 |
Bilnummer | CH |
Heimeside: sliven.bg |
Sliven (bulgarsk Сливен) er ein by søraust i Bulgaria, og det administrative senteret i provinsen Sliven. Det er ein relativt stor by med nesten 110 000 innbyggjarar (den niande største i Bulgaria). Sliven er kjend for dei bulgarske innbyggjarane som kjempa mot ottomanarane på 1800-talet.
I 1834 oppretta Dobri Zjeljazkov den første fabrikken i Bulgaria, og starta med det den industrielle utviklinga i landet. Sliven var eit av dei største industrisentera i Bulgaria, og spelte ei viktig rolle i å byggje opp landet på nytt. Byen har lange tradisjonar innan tekstilproduksjon, maskinbyggjing, og glasproduksjon, og teknisk- og matindustri.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sliven frå Engelsk Wikipedia.