Sotra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sotra er ei øy vest for Bergen i Hordaland fylke. I nord grensar Sotra til øyane Turøy og Misje rett sørom kommunegrensa mot Øygarden kommune, den nordlege halvdelen av øya tilhøyrer Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya tilhøyrer Sund kommune. På folkemunne famner ofte nemninga Sotra også om øyane Bildøy og Litle-Sotra.