Språkrådet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Språkrådet er namnet på eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk som var skipa 1. januar 2005. Det er etterfylgjaren til Norsk språkråd, og har mykje av dei same oppgåvene. Språkrådet skal arbeida for språkleg likestilling og skal særleg leggja vekt på vern av norsk språk og på styrking av statusen til det norske språket i notid og framtid. Dette gjeld både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt.
Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanne Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vere Språkrådet.
Språkrådet vert leidd av eit styre oppnemnt av departementet. I perioden 2006–2009 består styret av:
- Tora Aasland, leiar
- Magni Øvrebotten, nestleiar
- Jan Olav Fretland
- Tor Fuglevik
- Ottar Grepstad
- Silje Solheim Karlsen
- Lars Rottem Krangnes, varamedlem
- Helene Uri, varamedlem
[endre] Lenkjer ut
- Språkrådet.no Nettstaden til Språkrådet (for nettlesarar som fylgjer standardar)
- Sprakradet.no Nettstaden til Språkrådet (for nettlesarar som ikkje fylgjer standardar)
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |