Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Staden ligg fint til ved Veafjorden og Dalevågen, omringa av høge fjell. E16 og Bergensbanen går gjennom staden. Det bur om lag 800 mennesker på Stanghelle fordelt på det som vert kalla Stanghelle Aust og Stanghelle Vest som er delt av Dalevågen, med bru over. På Stanghelle finst det fire arbeidsplassar; Coop marked, Instyle hår- og solstudio, Stanghelle barnehage og Stanghelle barneskule. Dei næraste tettstadene til Stanghelle er Dale i nord og Vaksdal i sør.