Stend
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stend er eit område i Fana i Bergen. I 1861 kjøpte Søndre Bergenhus Amt, som seinare vart Hordaland fylkeskommune, garden Stend hovudgard av Wollert Konow. På garden vart Stend jordbruksskule etablert for fast drift i 1866. Ved jordbruksskulen har Hordamuseet bygd opp eit friluftsmuseum. Våren 1998 opna det nye kulturbygget på Stend der Hordaland Teater, Hordamuseet og Vegmuseet fekk eit nytt bygg, som dei deler på bruken av.
[endre] Lenkjer ut
Kategoriar: Gardsnamn | Fana | Bergen