Stordabrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stordabrua er ei hengjebru over Digernessundet, mellom Digernesklubben på Øya Stord og øya Føyno. Lengda er på 1076 meter med eit hovudspenn på 677 meter. Brutårna ragar 97 meter over vassflata og seglingshøgda er 18 meter. Stordabrua inngår i Trekantsambandet og er ein del av Europaveg 39.