Tancred Ibsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tancred Ibsen (11. juli 1893–4. desember 1978) var ein norsk filmregissør og føregangsmann innan norsk film. Han stod bak den første norske lydfilmen, Den store barnedåpen, i 1931.
Tancred var son av Sigurd og Bergliot Ibsen og dermed soneson av Henrik Ibsen og dotterson av Bjørnstjerne Bjørnson. Han utdanna seg først til offiser og flygar. Tancred møtte Sofie Krohn, betre kjend som skodespelaren Madame Lillebil, under Verdsutstillinga i Oslo i 1914 og gifta seg med henne i 1919. Det var under ein av hennar turnéar i USA at han blei introdusert for i filmskaping, og i åra 1924–25 arbeidde han som assistent i Hollywood.
Så drog Tancred Ibsen tilbake til Noreg og tok til med å laga eigne filmar, gjerne basert på norsk litteratur. Den store barnedåpen kom ut i 1931, deretter Fant i 1937, Gjest Baardsen i 1939, Tørres Snørtevold i 1940, Den farlige leken i 1942, Venner i 1960 og Vildanden i 1963.