Teodora
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teodora og Theodora er kvinnenamn med gresk opphav. Dei er avleia av Teodor, sett saman av theos, 'gud', og doron, 'gåve'. Namnet finst óg som Theodosia, og har kortformene Tea og Dora. Sjå òg Dorotea.
Namnet er lite brukt i Noreg, dei to ulike skriveformene har til saman under 100 berarar (SSB 2005).
Teodora har svensk namnedag 9. november.
[endre] Kjende namneberarar
- Theodora Comnena, dronning av Jerusalem
- Flavia Maximiana Theodora, dotter av keisar Maximianus av Romarriket og gift med keisar Constantius I Chlorus
- Theodora (500-talet), bysantinsk keisarinne gift med Justinianus I
- Theodora (800-talet), bysantinsk keisarinne på 800-talet.
- Theodora (1000-talet), bysantinsk keisarinne som herska 1055–1056.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Teodora hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Theodora på behindthename.com