The Times
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Times er ei britisk avis som kjem ut dagleg over heile landet, og som tradisjonelt har vore sett på som svært etterretteleg. Avisa blei grunnlagd i 1785 av John Walter. Ho blir i dag utgjeven av News International, eit dotterselskap av News Corporation som mediemagnaten Rupert Murdoch eig.
Innhaldsliste |
[endre] Format
I over to hundre år kom The Times ut i stort avisformat. I 2004 følgde ho eksempelet til andre store aviser og bytta til tabloidstorleik.
[endre] Opplag
Avisa hadde i november 2005 eit gjennomsnittleg dagleg opplag på 692 581, ein rekord for den noverande redaktøren Robert Thomson. Dette er høgare enn konkurrenten The Daily Telegraph i laussal, men det totale salet av Telegraph er 905 955 på grunn av rundt 300 000 abonnentar.
"Ekte" tabloidaviser hadde mykje større opplag, størst for The Sun med 3 274 855.
[endre] Historie
The Times var den første avisa som sende eigne korrespondentar utanlands, og den første som brukte krigsreportarar. W. H. Russell, som følgde den britiske hæren i Krimkrigen, fekk stor innverknad med stykkene han sende til avisa.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
![]() |
Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over mediespirer. |