Thor Hushovd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Hushovd (fødd 18. januar 1978 i Grimstad) er ein norsk syklist.
Han vart profesjonell i 2000 og deltok blant anna i Sommar-OL 2000 i Sydney. Hushovd er ein av dei beste spurtspesialistane i verda og kjører for det franske laget Crédit Agricole. Han satsar på spurtpoeng og etappesigrar i dei store etapperitta. Til dømes kjempar han derfor om den grøne poengtrøya i Frankrike rundt (Tour de France).
[endre] Merittar
1998: Vann VM i tempo for klassen under 23 år.
2001: Debuterte i Frankrike rundt, der han var med på laget som vann 5. etappe i lagtempo. Vann ritta Postgiro Open og Normandie rundt.
2002: Vann 18. etappe i Frankrike rundt.
2004: Vann 8. etappe i Frankrike rundt. På den tredje etappa fekk han som første nordmann i historia æra av å kjøre med den gule leiartrøya. Han kom på andreplass i poengkonkurransen, det vil seie kampen om å bli beste spurtar samanlagt, der vinnaren får den grøne trøya.
2005: Vann poengkonkurransen i Frankrike rundt og kunne dermed ta med seg den grøne trøya heim.