Tomme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tomme er eit lengdemål som i liten grad er i bruk i Noreg i dag. Måleininga blir framleis nytta i USA og Storbritania. Ein norsk tomme vart i 1836 fastsett til å vere 2,614 cm, gjennom at ein fot som var 12 tommar vart fastsett til 31,37 cm. Ein amerikansk eller britisk tomme er 2,54 cm. Det er det målet du får på ein moderne tommestokk, også ein som er produsert i Noreg.