Tunheim - The Movie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tunheim - The Movie (2001) er ein norsk roadmovie med handlinga lagt til Indre Sogn.
Filmen er produsert av Tor Uglum og Frode Navarsete.
Hovudrolleinnhavar Jan Rune Årøy spelar Jo Tunheim (les: Jotunheim) som viklar seg inn i eit kriminalplott av det lette slaget. Dette er ein film i kategorien komedie.
Andre sentrale skodespelarar:
- Geir Inge Heggestad
- Kåre Stokkenes
- John Erik Aasen
- Frank Haukereid
- Arne Emil Wathne
- Vidar Vadseth.
Filmen er berre distribuert lokalt i Sogn. Filmen var i 2005 den best besøkte filmen på Sogndal Kino gjennom tidene.