Turi Gramstad Oliver
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turid «Turi» Gramstad Oliver (fødd 22. januar 1938) er ein norsk biletkunstnar, kunsthandverkar og formgjevar.
Ho arbeidde for Figgjo Fajanse frå 1960-1980, og teikna der mange av dei dekorane folk forbind fabrikken med. Ho teikna mellom anna den handmalte dekoren Elvira og dei silketrykte dekorane Lotte, Market, Astrid, Tor Viking, Saga, Barcarole, Arden og Clupea for servise. Ho teikna også dekorar for nokre seriar med pynte- og gåveartiklar. Tinga ho har formgjeve dekoren til er ofte merka Turi-design.
Ho er medlem i Norske Billedkunstenere, Norske Kunsthåndverkere og Kunstnernes informasjonskontor.
[endre] Kjelder
- Kunstnerregisteret på Kulturnett
- S.E Vingedal Porslinsmärken : en bok om porslins-, fajans- och andra keramikmärken. ISBN 91-37-07996-4
- Ulf-E. Rosenberg, Mari Simonsen Espedal Figgjo : formet av entusiasme gjennom 60 år : 1941-2001