Tycho Brahe Planetarium
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tycho Brahe Planetarium ligg i København, ved den søre enden av Skt. Jørgens Sø. Det er oppkalla etter den danske astronomen Tycho Brahe.
Bygningen er teikna av arkitekt Knud Munk. Grunnsteinen vart lagd 22. februar 1988, og 1. november 1989 vart planetariet opna for publikum.
Planetariet har ein IMAX-projektor og ein stjerneprojektor, som kan vise meir enn 4000 stjerner samtidig for opp til 240 vitjarar. Det har også ei rekkje projektorarar som viser Jorda, Sola og planetane. I tillegg til vising av IMAX-film og stjernehimmelen, vert det også vist 3D-framsyningar, computergrafikk og andre visuelle framsyningar, som dreg nytte av det 823 kvadratmeter store lerretet.
Planetariet har også ei permanent utstilling om astronomi og romforsking.
4 gonger om året gjev planetariet ut tidsskriftet Aktuel Astronomi, som inneheld nyheiter om astronomi og romforskning.
Planetariet er ein stor turistattraktion i København, og allereide i april 1991 hadde det hatt sin gjest nr. 1 000 000.