Utgard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utgard (norr. Útgarðar) var i norrøn gudetru ein stad der jotnar heldt til. Nokre stader blir Utgard framstilt som ei borg som låg i Jotunheim, men det er òg vanleg å oppfatta det som ei verd utanfor Midgard som jotunheimane var ein del av.
Snorre Sturlason fortel i Gylfaginning om eit av eventyra til Tor og Loke, der dei vitjer Utgard-Loke i borga Utgard.
[endre] Kjelder
- Glimt av et fortidig kystlandskap — Masteroppgave i arkeologi av Therese Danielsen (pdf)
- CyberSamurai Encyclopedia
- Jan-Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller: Norrøne myter og sagn (Gyldendal 1999)