Väinö Linna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Väinö Linna (20. desember 1920–21. april 1992), fødd i Urjala i Finland, var ein finsk forfattar.
Väinö Linna er fremst kjend for romanen Tuntematon Sotilas (Ukjend soldat) som kom ut i 1954. Romanen skildrar finske framhaldskrigen (frå 1941 til 1944) frå synsvinkelen til ei gruppe frontsoldatar.
1959-62 gav Linna ut sitt andre storverk, ein triologi innehaldande titlane Högt bland Saarijärvis moar, Upp trälar och Söner av ett folk. Denne serien skildrar småbrukarane sitt liv i Finland frå slutten på 1800-talet til midten på 1900-talet gjennom slekta Koskelas lagnad. For dette vart Linna tildelt Nordisk Råds litteraturpris i 1963.
Det er vanskeleg å overvurdere verknadene av "Ukjend soldat" og Saarijärvi-triologien på det finske etterkrigssamfunnet. Etter borgarkrigen var det finske folket eit splitta folk, og vinterkrigen, påverka det finske samfunnet i tiåra etterpå. Linna klarte som ingen annan å setje ord på opplevingane det finske folket hadde gått gjennom, kanskje særleg for dei som elles ikkje kom til ordet i det finske samfunnet.
[endre] Bibliogafi
- Päämäärä, 1947 ("Mål")
- Musta rakkaus, 1948 ("Svart kjærleik")
- Messias, 1949-53, ikkje utgjeve
- Tuntematon sotilas, 1954 (Ukjend soldat)
- Täällä Pohjantähden alla, 1-3, 1959-1962 ("Høgt under Nordstjerna"), omsett til svensk som Högt bland Saarijärvis moar, Upp trälar och Söner av ett folk
- Oheisia, 1967
- Murroksia, 1990 ("Brytningar")
- Kootut teokset I-VI, 2000 ("Samla verk")
- Sotaromaani, 2000 ("Krigsroman")