Vaju
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinduismen |
![]() |
Gudar |
Trimurtien: Brahma | Visjnu | Sjiva |
Vaju (sanskr. वायु, vėjas, 'vind') er ein vedisk gud som i seinare hinduisme nesten heilt er gått inn i skikkelsen til Indra. Vaju er gud for lufta, vinden og pusten, og har dermed makt over livet.
Berre nokre få hymne i Rigvedaen lovprisar Vayu, og i seinare mytologi er rolla hans blitt endå mindre. Han har likevel ei viktig stilling som faren til Hanuman og Bhisjma frå forteljingane Ramayana og Mahabharata.
[endre] Skildring
Hymnet Purusjasuktavaju fortel at Vaju blei til frå pusten til Purusja. I eit anna hymne er han nemnd som svigersonen til Tvasjtr.
Vaju opptrer i Rigvedaen med Indra som vognføraren sin, eller som Vata, som òg tyder 'vind', saman med regnguden Pardjanja. Han dreg fram i ei forgylla vogn dregen av tusen raude hestar, og kviler aldri.
Guden er temperamentsfull, og gjev ofte etter for driftene sine. Han har mange barn med ulike kvinner, og er kjend for voldsame handlingar. Bhagavatapurana fortel at vismannen Narada påkalla vinden for å øydeleggja fjellet Meru, og Vaju gjekk då til åtak med voldsom kraft, slo fjelltoppen i havet, og skapte Sri Lanka.
I følge Vishnupurana er Vaju konge av gandharvaene. Himmelretningen hans er nordvest.