Valdres
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdres er eit landskap i Oppland i Sør-Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Valdres har hatt ei sterk tilknyting til Vestlandet, og har både tilhøyrt Gulating og vore ein del av Stavanger bispedømme. Dalen fungerte som ferdselsåre frå Vestlandet til Austlandet.
[endre] Geografi
Dalen Valdres ligg kring Begnavassdraget. Valdres forgreiner seg på Fagernes i sidedalane Øystre Slidre som munnar ut i Valdrsflya og Jotunheimen, og Vestre Slidre som munnar ut i Filefjell. Valdres rommar kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal. Dei største elvene i Valdres er Begna og Etna. Dei største innsjøane er Tyin, Bygdin og Vinstri. Den største tettstaden i dalen er Fagernes. Valdres har totalt kring 18000 innbyggjarar og dekkjer 5430 kvadratmeter.
[endre] Samferdsle
Viktigaste vegforbindelsar er E16 og RV 51. Det er busssamband til Oslo, Bergen Gjøvik og Gol. Valdres har eigen flyplass, Fagernes lufthamn, som ligg på Leirin ovanfor Fagernes. med internasjonale mål. Tidlegare gjekk det togtrafikk på Valdresbanen som var ein sidebane av Gjøvikbanen. Endestasjonen var Fagernes.
[endre] Næringsliv
Tradisjonelt har jorbruk og skogbruk vore den viktigaste næringsvegen i Valdres. I seinare tid har turisme vorte stadig viktigare for dalen, som har vakker og variert natur. Valdres har eit stort friluftsmuseum som ligg ved Fagernes. Valdres har si eiga lokalavis, Valdres, og sin eigen lokalradio, Valdres Radio.