Brukardiskusjon:Verdlanco/Artikkeltitlar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Tittel: Saturnmånen Titan
Det var ein tittel eg kan lika! Dette ser faktisk ut som ei ekte overskrift. Godt kome på! -- Ranveig 15. jan 2005 kl. 22:59 (UTC)
- Takk for støtta! Eg veit at det går litt på tvers av andre Wikipedia, som stort sett skriv "Titan (satellitt)" eller noko liknande. (På engelsk heiter forresten grunnstoffet Titanium og månen Titan, so der er det ikkje same kollisjonen som på norsk.) Men sidan det ikkje fanst artiklar her for andre månar i Solsystemet, sette eg meg ned med blanke ark og prøvde å tenkja ut eit meir naturleg artikkelnamn for slike. Sjå òg Jupitermånen Europa. Eg synest desse namna funkar greitt.
- --Verdlanco (diskusjon) 15. jan 2005 kl. 23:43 (UTC)
-
- Utilsikta fordel med denne tittelforma: Ho passar òg på dei unamna månane! Sjå nedst i tabellen som Kristaga har laga over Saturnmånane i artikkelen Saturn (planet). (Dersom ein tilfeldig kjem over ein måneartikkel, vil Saturnmånen S/2003 S 1 vera ein langt meir informativ tittel enn S/2003 S 1!) Sjølv om dei vitskaplege id-nummera inneheld skråstrekar, trur eg dei vil bli vist korrekt i Wikipedia-overskriftar. Og viss månane får namn seinare, kan vi berre laga omdirigeringar!
- --Verdlanco (diskusjon) 16. jan 2005 kl. 11:12 (UTC)
[endre] Tal
Hei, eg reagerte litt på at du absolutt vil ha "Talet" framfor alle talorda, men det får vel gå. Eg går ut frå at det er fordi du vil ha symmetri (altså ikkje eitt, to, og så talet tre fordi tre er plantar)?
Likevel synest eg det ville vore greitt om du kunne laga ei omdirigering frå namnet utan "talet" framfor, ettersom det er der folk naturleg kjem til å sjå. Gjerne òg tilvising frå åra, viss du gidd (men dei er kanskje ikkje laga endå). -- Ranveig 20. feb 2005 kl. 0046 (UTC)
- Hei, Ranveig! Eg har flytt spørsmålet ditt til Diskusjon:Talet éin, der eg prøver å svara på dette.
- --Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 0128 (UTC)
-
- Hei, Verdlanco! Eg har lagt ein kommentar i Diskusjon:Talet ein til deg om malar. Larsivi 25. feb 2005 kl. 1310 (UTC)