Wiener-internasjonalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wiener-internasjonalen var ei internasjonal samanslutning av venstresosialistar som hadde forlatt Andre Internasjonalen eller ikkje ville gjenopplive den, og som heller ikkje ville slutte seg til Tredje Internasjonalen. Den blei også kalla "To-og-ein-halv-internasjonalen", men det offisielle namnet var "Den internasjonale samanslutninga av sosialistiske parti". Organisasjonen blei danna i Wien i 1921.
Initiativet til danninga av organisasjonen kom frå Det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland, det britiske Independent Labour Party og sosialdemokratane i Sveits. Blant dei andre medlemspartia kan nemnast det austerrikske sosialdemokratiske partiet SDAP, som med sin austromarxistiske teoretiske styrke og sterke stilling i landet fekk leiarposisjonen i rørsla, Det amerikanske sosialistpartiet, det jødiske Bund og dei russiske mensjevikane.
I 1922 blei det gjort eit forsøk på å sameine alle tre internasjonalane, på eit felles møte i Berlin. Dette mislyktest, men året etter, i 1923, gjekk Wiener-internasjonalen saman med den gjenoppliva Andre Internasjonalen til den Sosialistiske Arbeidar-Internasjonalen SAI.