Wikinytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikinytt er den norskspråklege utgåva av engelske Wikinews. Wikinytt vart tilgjengeleg for ålmenn bruk frå den 11. januar 2006. På Wikinytt kan ein leggja inn artiklar både på nynorsk og bokmål. Wikinytt skal vere ei nyhendekjelde med fritt innhald, og er eitt av dei prosjekta som stiftinga Wikimedia Foundation driv. I byrjinga kan nok ikkje Wikinytt visa til mange originale rapportar, men vil likevel vera ein brukbar ressurs. I starten vil ein by brukarane på tilnærma nøytrale og heilt fullstendig frie samanfattingar av nyhende frå andre kjelder. I den første tida kjem ein ikkje til å kunne dekka heile medielandskapen og alt som skjer, men målsettinga er å få til gjennom ei gradvis rekruttering av nye deltakarar. Wikinytt kjem etter planen til å veksa og gradvis verta meir truverdig og meir brukbar som ei nyhendekjelde.
[endre] Lenkje ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |