Yding Skovhøj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yding Skovhøj | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 170,77 | |
Ligg i/på | Danmark | |
Koordinatar | 56°00′00″N, 09°48′10″E |
Yding Skovhøj er eit av dei høgaste pukta i Danmark.
Høgda er 172,54 meter over havoverflata medrekna ein bronsealderhaug som ligg på toppen av høgda. Om ein ser bort frå menneskeskapte forandringar, er høgda 170,77 meter, noko som er 9 cm lågare enn det høgaste naturlege punktet i Danmark, Møllehøj med 170,86 meter, medan Ejer Bavnehøj er Danmark sitt tredje høgaste naturlege punkt med 170,35 meter.
Høgda ligg i Yding Skov (derav namnet) i den sørlege delen av Skanderborg kommune i Østjylland. Det er den midtre av tre gravhaugar. Dei to andre haugane er ei aning lågare: Den austlege gravhaugen er 171,73 m og den vestlege 171,41 m.