«Blücher»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Blücher» var eit tysk krigsskip oppkalla etter den prøyssiske generalfeltmarskalken og fyrsten Gebhard Leberecht von Blücher (1742–1819). Skipet vart sjøsett 8. juni 1937, og hadde 8 kanonar, 12 antiluftskyts og 12 torpedorøyr.
Skipet vart senka på veg inn i Oslofjorden om morgonen 9. april 1940 ved Oscarsborg festning, av to torpedoar frå Nordre Kaholmen. Meir kjent er skudda frå 28cm kanonane Moses og Aron, men ingen av desse var fatale for «Blücher». Av mannskapet på 1.308 menn omkom om lag 1.000 i det kalde vatnet. Senkinga av «Blücher» sette mellombels stogg for det tyske okkupasjonsforsøket. Resten av eskadren trudde sundet var minelagt (grunna torpedotreffa), og gjekk ikkje lenger inn fjorden. Senkinga ga norske styresmakter med kong Haakon VII i spissen tid til å flykta. Planen var at dei tyska skipa skulle koma inn til Oslo grytidleg på morgonen og ta den norske hovudstaden.
Vraket lekk olje og utgjer ein miljøtrussel for Drøbaksundet.
[endre] Sjå òg
- Operasjon Weserübung - kodenamn for den tyske invasjonen av Noreg i april 1940.
- «Tirpitz»
- «Admiral Hipper»