Åbit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åbit er ei folkleg nemning for den første matbiten ein et om morgonen, og er eit lett måltid, til skilnad frå frukosten som ein et litt seinare og som ofte er eit tyngre måltid. Ordet er samansett av norrønt ár (tidleg) og bit (munnfull).
Ein tradisjonell åbit kunne vere ei brødskive med sirup og en kopp kaffe, men nokre stader var det vanleg å ete ei spekjesild til åbit.
Åbiten høyrer til den skandinaviske bygdekulturen, og til eit liv med tungt kroppsarbeid og stort matinntak. I det moderne kosthaldet er åbiten falt inn under frukosten, og ordet kan verte bruka som eit synonym til frukost.
- Reidar Svare (1973): Frå gamal tid - tru og tradisjon i Vefsn Bygdebok, særbind II.