Måltid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit måltid, eller eit mål, er ei mengd mat, gjerne eten til faste tider. Ordet mål kjem frå norrønt mál og har samanheng med at maten vert eten til faste, tilmålte tider. Jf. òg engelsk meal og tysk Mahl. Ordet mâltîð vart lånt inn i norsk frå plattysk mâltît allereie i mellomalderen, og tyder det same som mål i denne samanhengen.
Måltida er ein av dei viktigaste kulturberarane, og ulike kulturar har sine måltid. I mellomalderen åt folk i Noreg to mål – dagverðr og nâttverðr. Språkleg finn vi disse måla att i orda dugurd og nattverd, men orda har fått nye tydingar.
[endre] Mål i norsk bygdekultur
I bygdekulturen vart tida mellom måla kalla for økter, og måla var tilpassa arbeidsdagen. Måla ville derfor variere gjennom året – vinterstid, når dagane var stutte og det var lite arbeid dei kunne gjere, ville det vere rein matøyding å stå for tidleg opp om morgonen.
Fram mot vår tid har folk hatt disse måla:
- Åbit ; ei første mattugge om morgonen, gjerne før fjøstid.
- Frukost; det første hovudmålet.
- Dugurd eller durmål; eit mellommål dei åt mellom frokost og middag sommarstid, når arbeidsdagane var på det lengste.
- Middag; koka mat som dei åt midt på dagen.
- Non eller nonsmat; eit mellommål mellom middag og kveld.
- Kveldsmat; eit matmål dei hadde når arbeidsdagen var slutt. Graut og mjølkesuppe var typisk kveldsmat.
[endre] Måltid i moderne norsk kultur
Folk har ulike arbeidstider og ulik familiestruktur, slik at det ikkje lenger er noko måltid som alltid samlar alle dei som bur i lag i ein familie. Middagen er truleg det måltidet flest er samla om.
- Frukost; maten vi et før vi går på skole eller arbeid.
- Formiddagsmat eller lunsj; maten vi et i matpausen .
- Middag; maten vi et når familien vert samla etter arbeidsdagen.
- Kveldsmat; eit lett måltid før vi legg oss.
Elles er mellommåla typiske for den moderne matkulturen. Her er kaffen ein kulturberar. Nikaffen og tokaffen er viktige på mange arbeidsplassar, og ettermiddagskaffen eller kveldkaffen kan samle fleire familiemedlem enn noko hovudmåltid.
[endre] Kjelder
- Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog
- Reidar Svare (1973): Frå gamal tid - tru og tradisjon i Vefsn Bygdebok, særbind II.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |
nn:Måltid