Århus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luftfoto av Århus | |
Lokalisering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region |
Danmark Region Midtjylland |
Geografi | |
Flatevidd - By - Storbyområde |
468 km² 5 060 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - Storbyområde |
296 170 793 013 |
Koordinatar | 56°09′″N, 10°13′″E |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.aarhus.dk |
Århus er den nest største byen i Danmark med nesten 300 000 innbyggjarar, men i området rundt bur det nærare der bor 800 000 innbyggjarar. Århus ligg på Jylland og er administrasjonssenter for Århus kommune og var det for Århus amt.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Namnet
Byen vart i mellomalderen, i Valdemar IIs jordebok, kalla Arus, i islandske kjelder Aros (etter oldnordisk ar-os = "åens munding"), seinare vert namnet trukke saman til Aars. Først i 1406 finn ein forma Aarhus, som i løpet av 1700-talet vert den vanlege forma. Byen vert første gong nemnt i 948, der Adam av Bremen nemner at «Reginbrand, biskop av kyrkja i Århus (Harusam)», deltar i et kyrkjemøte i byen Ingelham i Tyskland.
Århus fekk kjøpstadsrettar i 1441.
[endre] Vikingbyen
Dei eldste funna av hus er dei såkalla grubehusene, som var halvt nedgrave. Dei vart brukt både som boligar og som verkstader I husa og dei tilhøyrande laga, har ein funne kammer, smykker og liknande, som tyder på at busetnaden er frå omkring år 900.
Ein meiner at det tidlig har vore ei lita trekyrkja like utafor busetnaden, om lag der klosterkyrkja i dag ligg.
Funn av heile seks runesteinar i og omkring Århus tyder på at han i omkring år 1000 har vore viktig, da berre stormenn reiste runesteinar.
Omkring 1040 vart det halde møte i Århus, først av Hardeknud og seinare av Magnus den Gode.
Funn tyder på at det føregjekk ein del handverk, mellom anna kammer og treskjeringsarbeid, men utanlandske varer fortel òg om handel: Vektlodd og kværnsteinar frå Rhinområdet, klebersteinsvarar frå Nord-Skandinavia og keramikk fra Austersjøområdet.
[endre] Vollen
Århus var i vikingtida omgjeve av ein halvsirkelforma forsvarvoll, som i hovudsak fulgte gatene med namn som stammer derfrå: Graven, Volden, Borgporten, helt til havet og langs med elva. Langs med yttersida har det vore senkingar i terrenget, slik at det har vore våte vollgraver rundt. Kor og når vollen er anlagt vet ein ikkje nøyaktig, men det har nok føregått nokre år etter dei første busetnadane, men framleis tidleg på 900-talet. Han er seinare i fleire omgongar vorte forsterka og bygd høgare, tilsynelatane over over fire meter.
Omkring år 1300 skjedde det ei stor utbygging av byen: Det eldste rådhuset, føre domkyrkja, ein stor bispegard ved Rosengade nord for kyrkja og eit kapitelhus for administrasjonen til kyrkja på Bispetorv, samt flere kannikeboligar. Videre vart det bygd ei bru over elva ved Immervad, og Helligåndshospitalet ved Lilletorv.
I 1477 ga kong Christian 1. lov til å reise eit vollanlegg etter at byen ikkje lenger var like militært viktig. I denne samanhengen oppstod gatene Volden og Graven. På Brobjerg vart eit karmeliter-kloster med kyrkje bygd, og på hjørnet av Vestergade og Grønnegade vart Sct. Karensgården bygd for å huse pestramma innbyggjarar frå byen. Domkyrkja vart modernisert i gotisk stil, og fikk tilføyd det høge tårnet, der spiret den gong hadde ei anna utforming.
[endre] 1600-1700-talet
Byen leid under krigane på 1600-talet. I 1644 krevde svenskane høge skattar av Århus, og i perioden 1657-1659 vart byen fleire gongar omleira av dei. Trass i dette var Århus likevel ein viktig handelsby, og dreiv mellom anna handel til Noreg og med Lübeck, Amsterdam, England, Frankrike og Spania, og midt på 1600-talet var handelsflåten på ca. 100 skip. Korntransporten til Noreg og utlandet var årleg på ca. 20 000 tønner, på byrjinga av 1700-talet var transporten stige til ca. 36 000 tønner. Etter kvart byrja derimot nedgongstida i heile Danmark. I 1735 vart det berre drive liten handel med Lübeck og Noreg. Handelsflåten var berre halvparten så stor som han hadde vore, og hamna byrja å fyllast med sand, og i 1768 var det berre 31 skip igjen. I 1769 var det ca. 3500 innbyggjarar i Århus.
[endre] 1800-talet
På 1800-talet kom framgongen etter hadde frigjeve seg frå dominansen til hovudstaden og Hamburg. Medan byen i 1800 var den tredje største byen på Jylland, hadde byen i 1840 tatt igjen Randers og i 1850 òg Aalborg. Frå her har den materielle framgongen vore stadig veksande, mellom anna med utviding av hamna, og det veksande jernbanenettet. Kulturelt har byen etter kvart vorte kalla «Jyllands hovedstad», med mange institusjonar som Statsbiblioteket, mange høgare lærestader, sjukhusa, teateret osv.