Mellomalderen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mellomalderen er det me kaller tidsrommet mellom antikken (og i Noreg vikingtida) og nyare tid, med renessansen og opplysningstida.
Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste, overtruiske og barbariske folk var på denne tida. I nyare tid har historikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.
Innhaldsliste |
[endre] Periodar
Overgangen frå antikk tid til tidleg mellomalder var prega av folkevandringar, der særleg grupper av germanske stammar drog rundt i Europa og skapte uro. Ein av stammane plyndra Roma for første gong i 475, noko som innebar slutten for Vestromerriket.
Ein kallar midtperioden i mellomalderen høgmellomalderen, og seier at han starta med kroninga av Karl den store i 800.
Den siste delen av tidsrommet kallar me seinmellomalderen, som starta omlag då Thomas Aquinas gav ut verket sitt Summa Theologica i 1273.
[endre] Mellomalderen i Noreg
Ein reknar gjerne med at den norske mellomalderen starta i år 1030, då landet blei kristna, og varte til reformasjonen i 1536.
[endre] Sjå au
[endre] Bakgrunnsstoff
- Mellomalderen i Noreg (bokmål)
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |