Åse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå óg Åse i Andøy
Åse og Aase er både førenamn og etternamn.
Dei er best kjende som kvinnenamn av norrønt opphav, kortformer av namn som byrjer på Ås- eller ei sideform av Åsa. Desse namna høyrer til den dansk-norske tradisjonen medan Åsa er meir brukt i svensk. Åse har namnedag 2. mai.
Etternamnet er ei dativform av ås.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Namna var blant dei ti mest brukte namna frå 1920-talet, og blei fram til 1940 gjeve til 1 % av alle jentebarn.
Det er nær 11 900 nordmenn som heiter Åse og 5 500 som heiter Aase. Som etternamn er Aase det mest brukte av dei to skrivemåtane, med rundt 2 400 namneberarar (SSB 2005).
[endre] Namnet i kulturen
Mor Aase, mor til Peer Gynt, er truleg den mest kjende namneberaren i norsk kultur. Åse Gåsepike er namnet på ei heltinne i eit norsk folkeeventyr.
[endre] Kjende namneberarar
- Aase Foss Abrahamsen, norsk forfattar
- Åse Gunhild Woie Duesund, norsk politikar
- Aase Hansen, dansk forfattar
- Åse Lill Kimestad, norsk politikar
- Åse Klundelien, norsk politikar
- Åse-Marie Nesse, norsk forfattar
- Åse Wisløff Nilssen, norsk politikar
- Åse Schmidt, norsk politikar
- Åse Gruda Skard, norsk barnepsykolog og kvinnesaksforkjempar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Åse hjå Statistisk Sentralbyrå