Dativ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dativ (frå lat. dare, «gjeva») er termen på eit morfologisk kasus. Syntaktisk er dativ ofte kasusen ein nyttar for indirekte objekt, eller han kan verta styrd av preposisjonar og adjektiv. Dativ kan også førekoma som (oblikt) subjekt.
Kasusen dativ finst i fleire moderne språk, som til dømes i dei germanske språki tysk og islandsk. Dativ finst òg i sume norske dialektar, og må sjåast som ein rest frå gamalnorsk.
Restar av dativ i moderne norsk skriftspråk finst i faste uttrykk som i live, av garde, gå mann av huse og tatt av dage; dessutan (gjeld berre for nynorsk) i liom, i grendom osv. I dette tilfellet vert dativ styrd av preposisjon.