Ólavsøka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ólavsøkan (eller på norsk: Olavsvaka, Olavsfesten) er Færøyane sin nasjonaldag den 28. og 29. juli. Á Ólavsøku feirar færingane den norske kongen Olav den heilage († 29. juli 1030 på Stiklestad).
Ólavsøkan er ei sameining av politikk og kristendom. Færingane er det einaste nordiske folket som valde St. Olavsmessa som nasjonal heilagdag både religiøst og politisk. Olav den heilage var norsk konge, men arbeidde for å få Færøyane inn under den norske krona.
Ólavsøka er den færyøske forma for det latinske vigilia sancti Olavi (vigilia = vøka på færøysk og tyder vakt eller vake). Helgenkongen Olav har alltid hatt ein sentral plass i færøysk religiøs og politisk tradisjon og kultur.
På denne dagen vert Lagtinget på Færøyane opna i hovudstaden Tórshavn. Medlemene av Lagtinget, medlemer av Færøyane sitt landsstyre, biskop, alle prestane og dei høgste embedmennene går i prosesjon frå Lagtingshuset til Tórshavn domkyrkje. Etter ei gudsteneste (St. Olavsmesse) går dei attende til Lagtingshuset der lagmannen held si opningstale.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Ólavsøka-webcam 2005
- Portal.fo - Ólavsøkuskrúðgongan 2005 (Bilete frå Ólavsøkaprosesjonen med lagmannen framme)
- Stamps.fo - Postverk Føroya
- Lisbeth Nebelong: Færøysk fest med undertoner
- Drekin.fo - Havnar Roðrarfelag (på færøysk, alt om kapproing med færøybåtar)