Øya Giske
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giske er den minste øya i Giske kommune, og har rundt 600 innbyggjarar. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane.
[endre] Kultur
Namnet Giske er truleg avleia av norrønt gizki, 'duk' eller 'klut', som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungeætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.
Øya har fornminne frå mange epokar, som Mjelthaugen frå bronsealderen, Giske kyrkje frå mellomalderen og det tidlegare Giskegodset. Det historiske Giskespelet, som blir vist fram anna kvar sommar, fortel soga om Arnungane.
[endre] Geografi
Øya har ei flatevidd på 2,67 km². Ørnebakken på 26 m.o.h. er det høgaste punktet.
Ho blei forbunden med fastlandet i 1987, då bru til Valderøy sto ferdig. Vegnettverket blei seinare utvida med ein undersjøisk tunnel til Godøy.
Våtmarksområdet Makkevika er eit freda fuglemområde. Kystlina har mange fine sandstrender som blir brukte av både fastbuande og tilreisande. Dei mest besøkande strendene er gjerde sanden som er att med brua og Øygardsjøen som er nede med mørekjøkken. På Kvalneset, vest på øya, tørka ein tidlegare fisk.