Valderøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valderøy eller Valderøya er ei øy i Giske kommune på Sunnmøre.
Med 3 013 innbyggjarar (2001) er øya den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaug, sør på øya. Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane.
[endre] Geografi
Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staurnessundet. Valderøytunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.
[endre] Historie
Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghelleren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden.
Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.