Øytun folkehøgskole
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øytun folkehøgskole er ein kristen folkehøgskule som ligg i Alta i Finnmark. Skulen tar kvart år imot rundt112 elevar . Skulen som spesielt fokuserer på friluftslivfag, vart starta i 1917. Dei første 50 åra låg skulen på Havøysund i Måsøy kommune, men vart så flytta til der den ligg i dag. Eigarar av skulen er Normisjon, Norges Samemisjon og Indremisjonsforbundet.
Linjefaga ved skulen er:
- Friluftsliv - Arktis
- Friluftsliv - flyt
- Friluftsliv - hundekøyring
- Friluftsliv - jakt og fiske
- Friluftsliv - off piste
- Friluftsliv - veileder
- Foto - friluftsliv
- Nordisk naturfotolinje
- Stipendiatlinje
- Friluftsliv Circum Polar
- Ski og skred verden rundt