Normisjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Normisjon er eit norsk misjonsselskap som blei grunnlagt 1. januar 2000 etter at Det norske lutherske Indremisjonsselskap og Den norske Santalmisjon slo seg saman. Organisasjonen er ei sjølvstendig rørsle innanfor Den norske kyrkja, og er blant dei største misjonsføretaka i Noreg. Rundt 80 000 nordmenn er knytta til selskapet på ulike vis.
Normisjon er i dag aktive i 13 regionar i Noreg og dessutan i India, Bangladesh, Aserbajdsjan, Mali, Bhutan og Nepal. Normisjon har òg samarbeidspartnarar i Uganda og på Cuba.
[endre] Generalsekretærar sidan fusjonen
- Anfin Skaaheim 2001–2003
- Rolf Kjøde 2003–