Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
30. mai er den 150. dagen i den gregorianske kalenderen (151. under skotår). Det er 215 dagar att av året.
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
- Tidlegare Memorial Day i USA, ein minnedag for soldatar som fall for landet sitt. No blir dagen feira den siste måndagen i mai.
[endre] Fast religiøs helgedag
- (Helgedagar som følgjer måneåret i kristendommen (t.d. påske og pinse), jødedommen og islam er ikkje medtekne her, ettersom desse fell på ulik gregoriansk dato frå år til år.)
[endre] Primstaven
[endre] Namnedag
Noreg |
Gard og Geir |
Sverige |
Vera og Veronika |
Danmark |
Vigand |
Jeanne d'Arc og erkeengelen Mikael, framstilla av Eugene Thirion i 1876.
- Den heilage Jeanne d'Arc (Johanna av Orléans)
- Dei heilage Basilios den Eldre og Emmelia
- Dei heilage Gabinus og Crispulus
- Den heilage Anastasius II av Pavia
- Den heilage Exsuperantius
- Den heilage Ferdinand III av Castilla
- Den heilage Isak av Konstantinopel
- Den heilage Josef Marello
- Den heilage Madelgisilus
- Den heilage Reinhildis av Riesenbeck
- Den heilage Walstan av Bawburgh
- Den heilage Zdislava av Lemberk («Berka»)
- Den heilage pave Felix I
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1539: Hernando de Soto og 600 soldatar går i land i Tampa Bay i Florida, på jakt etter gull
- 1574: Kroninga av Henrik III av Frankrike.
- 1876: Sultan Abd-ul-Aziz av det ottomanske riket blir avsett av nevøen sin, som etterfølgjer han som Murat V.
- 1913: Ein fredsavtale underskriven i London gjer slutt på den første balkankrigen og gjev Albania sjølvstende.
- 1967: Den nigerianske delstaten Biafra erklærer sjølvstende, noko som fører til borgarkrig.
- 1982: Spania blir medlem av NATO.
- 1998: Eit jordskjelv nord i Afghanistan, med styrke 6,6 på Richterskalaen, drep opptil fem tusen menneske.
- 1431: Jeanne d'Arc blir brunnen på staken som kjettar, nitten år gammal
- 1606: Guru Ardjan Dev dji, den femte av dei ti sikh-guruane.
- 1661: Guru Har Rai dji, den sjuande av dei ti sikh-guruane.
- 1744: Alexander Pope, engelsk diktar
- 1778: Voltaire, fransk tenkjar og forfattar
- 1958: Lala Sukuna, fidjiansk landsfader
- 1960: Boris Pasternak, russisk forfattar og nobelprisvinnar
- 1961: Rafael Leónidas Trujillo, diktator av Den dominikanske republikken, skoten
- 1964: Leó Szilárd, ungarsk-amerikansk kjernefysikar
- 1971: Marcel Dupré, fransk komponist