Akhurjan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akhurjan | ||
|
||
Utspring | Arpisjøen i Shirak i Armenia | |
Munning | I elva Aras nær Bagaran | |
Tilknytta land | Armenia og Tyrkia | |
Lengd | 186 kilometers | |
Høgd over havet ved utspring | 2 023 m | |
Nedslagsfelt | 9 500 km2 | |
Renn gjennom | Gyumri, Ani, Bagaran, Jervandasjat, Sjirakavan |
Akhurjan (armensk: Ախուրյան; tyrkisk: Arpaçay russisk: Ахурян) er ei elv i dei sørlege områda av Kaukasus. Ho har sitt utspring i Armenia, og strøymer langs grensa til Tyrkia, og fungerer som den geografiske grensa mellom dei to landa. Til slutt munnar ho ut i elva Aras, som ei sideelv, nær Bagaran. Akhurjan har eit nedslagsfelt på om lag 9 500 km2 og er 186 km lang.
Den nest største byen i Armenia, Gjumri ligg på austsida av elva, og langs elva finn ein fire av dei tolv tidlegare hovudstadane i Armenia: Ani, Bagaran, Jervandasjat og Sjirakavan.
[endre] Soge
Då den bysantinske hæren kom til provinsen Sjirak i 1041, samla armenske adelsmenn (nakhararar) seg i lag mot dei, kommandert av Pahlavuni-generalen Vahram Pahlavouni. Vahram samla saman 30 000 infanteristar, og eit kavalleri på 20 000 og danna tre divisjonar som kjempa mot bysantinarane. [1] Slaget som fulgte enda med at bysantinarane vart slakta. Kampane skal ha vore så kraftige at all blodet som rann ut i Akurjan farga vatnet raudt. [2][1] Bysantinarane etterlot 20 000 omkomne. Sigeren gjorde at Vahram Pahlavuni i lag med Catholicos Petros Guedadarts kunne krone Gagik II som konge av Armenia og så ta festningen i Ani, som var i hendene på Vest Sarkis.
[endre] Brua over Akhurjan
Brua over Akhurjan kan gå heilt tilbake til Bagratuni-dynastiet.[3], men sannsynlegvis er ho frå 1200-talet. Ein inskripsjon ein har funne i nærleiken seier at det vart gjort arbeid på vegen fram til brua tidleg på 1300-talet. [4]
Brua var bygd opp av ein enkel boge, som i dag har falt ned, og berre høge landfeste, som kan ha vore del ein av ein kraftig port, står igjen. [4] På 1800-talet fortalte reisande om eit vakthus like ved brua, men denne har gått tapt. [4]
[endre] Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 History of Armenia by Father Michael Chamich from B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, or 1229 of the Armenian era – Side 124 av Mikajel Tsjamtsjiants
- ↑ History of Armenia: From B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, Or 1229 of the Armenian Era – Side 124 av Michael Chamich, John Audall, Mikajel Tsjamtsjiants, Hovhannēs Avdaleants – 1827
- ↑ A system of geography, popular and scientific: or A physical, political, and statistical account... – Side 143 av James Bell – 1832
- ↑ 4,0 4,1 4,2 http://www.virtualani.org/bridge/index.htm