Tyrkisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyrkisk tilhører den tyrkiske språkfamilien, og blir snakka av ca. 70 mill. menneske i Tyrkia, og av tyrkiske mindretal på Kypros, i Hellas, på Balkan (bl.a. i Bosniea og Albania) og i Nordeuropa (der det t.d. er det største minoritetsspråket i Danmark og Tyskland).
[endre] Grammatikk
Tyrkisk er eit agglutinerande språk. Den dominerande morfologiske prosessen er suffiksering, suffiks eller endingar blir lagt etter kvarandre etter stammar, og verb og substantiv blir bøygd i tid, person og tal. Det inneber at det er mogleg å lage svært lange ord, t.d. 'Çekoslovakyalılastıramadıklarımızdan mısınız' ('Er du ein av dei, vi ikkie kunne tsjekkoslovakisere?').
Særlege kjenneteikn er m.a.:
- tyrkisk har ikkje grammatisk genus, det er ikkje skilnad mellom han og ho, begge er o)
- det er vokalharmoni i alle ord (bortsett frå låneord og nokre få tyrkiske ord)
- i syntaksen blir det brukt setningsforkortingar i staden for leddsetningar, t.d. 'Anadolu'da bulunan Ankara çok güzel bir şehir' ('Ankara, som ligg i Anatolia, er ein svært vakker by').
[endre] Skriftspråk
Tyrkisk er påverka av arabisk og vart fram til Kemal Atatürk sin reform i 1928 skrive med arabiske bokstavar. Det tyrkiske alfabetet har ein del bokstavar som ikkje finst i t.d. det norske alfabetet:
- ı (schwa, blir uttalt som siste vokal i det norske ordet 'danse')
- ğ (stumt 'g', blir ikkje uttalt)
- ş (sj)
- ç (tsj)
Tyrkiske språk |
Tsjuvasjisk |
sørtyrkiske språk: | khalajisk | gagauzisk | tyrkisk | krimtyrkisk | turkmensk | aserbajdsjansk | quashkaisk |
austtyrkiske språk | uigurisk | usbekisk | salarsk |
vesttyrkiske språk | basjkirsk | karatsjaiisk | karaimsk | kumyksk | tatarisk | barabask | krimtatarisk |
sentraltyrkiske språk | nogaisk | karakalpakisk | kasakhisk | kirgisisk |
nordtyrkiske språk | jakutisk | dolgansk | khakassisk | altaisk | nordaltaisk | tsjulymsk | sjorisk | tuvinsk | karagassisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |