Albert Edelfelt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Edelfelt (fødd 21. juli 1854 på garden Kiala i Borgå (Porvoo), død 18. august 1905) var ein finlandssvensk biletkunstnar. Han illustrerte mellom anna Johan Ludvig Runebergs dikt.
Albert Edelfelt var son til arkitekten Carl Albert Edelfelt og Alexandra Brandt, kjøpmansdotter frå Borgå. Som 19-åring gav Edelfelt seg i 1873 til Antwerpen for å studera historisk måleri, og fortsette følgande år måleristudia sine i Paris. Der måla han i 1877 eit av sine mest kjende måleri, Drottning Blanka, som illustrerar Zacharias Topelius' forteljing om dronninga av Danmark og prins Hakon. Edelfelt gjorde det bra i Parissalongen, og fekk i 1880 medalje for måleriet Barns likfärd. I 1881 vart Edelfelt innvald i det Russiske kunstakademiet. Edelfelt målte også portrett, til dømes Läsande parisiska (1880) og portrettet av operasångarinna Aino Ackté (1901). For portrettet av Louis Pasteur (1885) vart Edelfelt løna med den franske heiderslegionens kross. Under undertrykkingstida fekk Edelfelts patriotiske verk, mellom andra Björneborgarnas marsch (1892) og illustrasjonane av Fänrik Ståls sägner stor spreiding i Finland. I 1895 vart Edelfelt vald til ordførar for den finske kunstnarforreininga og i 1896 målte han tsar Nikolaj II's portrett. Det siste verket til Edelfelt vart Invigningen av Åbo Akademi 1640 for Helsingfors universitet.
Edelfelt gifta seg i 1888 med friherrinna Ellan de la Chapelle, og same år vart parets einaste barn, sonen Erik Edelfelt fødd. Familien flytta frå Paris til Helsingfors i 1891.
[endre] Biletgalleri
[endre] Kjelde
- «Albert Edelfelt» henta frå Svensk Wikipedia 9. august 2005.