Paris
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paris er hovudstaden i og den største byen i Frankrike, og i tillegg hovudstad i Île-de-France-regionen.
Det bur mest 2,2 millionar i bykjernen. I storbyområdet, som er det fjerde største i Europa, bur det om lag 11,2 millionar menneske.
Paris har vore som ein fri og opprørsk by. Sidan den franske revolusjonen har han vore åstaden for ei rekke store folkeprotestar mot den franske regjeringa.
Byen var i mange år kjend som ein kunstnarby utan like, og kunstnarar frå heile verda samla seg her. Pablo Picasso og Ernest Hemingway var nokre av desse, medan Edvard Munch og Cora Sandel var norske kunstnarar som vitja byen. I tillegg til kunstlivet var Paris òg lenge kjend som byen med det beste utelivet i Europa, og på grunn av dette er fleire byar med eit påstått liknande folkeliv blitt stempla som "Paris" for den delen av verda dei høyrer til.
I Noreg har Tromsø vorte omtala som Nordens Paris med bakgrunn i sitt rike kultur- og uteliv.
Folketalsutvikling i Paris mellom 1801 og 1926 | |||
1801 | 1851 | 1881 | 1926 |
547 800 | 1 053 000 | 2 240 000 | 2 871 000 |
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- Offisiell nettstad for Paris: http://www.paris.fr/ (in French; På engelsk)
- Wikitravel: Paris
- Vérmelding for Paris
- fotografi frå Paris
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |