Alfred Marshall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Marshall (1842 – 1924) var ein britisk økonom. Han blir rekna som ein av pionérane innan nyklassisk økonomi. Marshall blir gjerne omtala som den store økonomiske lærebokforfattaren på slutten av 1800-talet, og hadde mange seinare berømte økonomer som studentane sine, mellom andre John Maynard Keynes.
Innan mikroøkonomi vil mange kjenne til loven om tilbod og etterspørsel og den marshallske versjonen av konsumentoverskot som viktig bidrag frå Alfred Marshall. Marshall-Lerner-vilkåret, som fortel korleis ei valutakursendring påverkar handelsbalansen, er kjent frå makroøkonomi.
![]() |
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |