Amfiteater
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit amfiteater (av gresk amfi og theatron, «teater på begge sider») er i utgangspuktet eit teater med sitteplassar (tribunar) på begge sider av, eller heilt rundt, ei sentral scene. Scena var alltid plassert på det lågaste punktet. Amfiteatra oppstod i det antikke Hellas.
I romarriket vart amfiteater bygd for sportslege aktivitetar og underholdning, som gladiatorkampar mot ville dyr og menneske, kampar mellom ville rovdyr. Teatra var helst opne (utan tak) friluftsbygg, gjerne kringsatt av dekorerte veggar av stein. Det mest kjente amfiteatret er Colosseum i Roma, som romma kring 50 000 tilskodarar.
Slike teater har god akustikk.
![]() |
Denne artikkelen inneheld berre ein ordboksdefinisjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å gi artikkelen meir innhald. |
Sjå òg: Oversyn over definisjonar. |