Stein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein viser til bergartar, særleg om dei har ein viss storleik, til bitar av berg og til stein som materiale. Det er mykje brukt som mannsnamn og stadnamn, både åleine og som namnedel.

Innhaldsliste |
[endre] Stein som materiale
Stein er i regelen eit solid og slitesterkt materiale som særleg blir brukt i monumentalbygg, som tempel, slott og viktige offentlege bygg. Det kan skjerast til i blokker og formast til skulpturar eller relieff. I helleform kan stein brukast på golv eller tak.
I Noreg har det vore mindre brukt som byggemateriale, men lause steinar er blitt brukte til å laga steingardar og grunnmurar og til vardebyggjing.
Steinar kan polerast og brukast som smykkestein. Mindre steinar blir kalla grus, medan sandkorn er så små at dei ikkje blir rekna som steinar.
Monumentalbygg som Nidarosdomen er ofte blitt bygd i stein. |
[endre] Stein som stadnamn og slektsnamn
Namnet Stein på ein gard kan visa til ein stor kampestein eller bautastein som stod på garden.
[endre] Stein som personnamn
Stein er særleg brukt i mannsnamn, og kan visa til det solide og vernande ved ein stein. Namnet var mest brukt i Noreg på 1950-talet.
Nokre namnesamansetjingar for menn er Arnstein, Torstein og Øystein. Steinhild, Steinlaug og Steinunn er meir uvanlege kvinnenamn.
[endre] Kjende namneberarar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Stein hjå Statistisk Sentralbyrå