Amnesty UiB
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amnesty UiB er eit nettverk av studentgrupper innanfor Amnesty International. Nettverket er lokalt forankra i studentmiljøet i Bergen og består av ca 75–85 aktive medlemmer fordelt i 10 grupper. Dei fleste er studentar ved Universitetet i Bergen, men nettverket har òg studentar frå andre institusjonar og ein handfull personar som ikkje er studentar.
Amnesty UiB består av ti grupper som arbeider med et sjølvvalt tema eller en spesifikk region. Gruppene er bundne saman av eit koordinerande styre som administrerer økonomi, arrangerer fellesaktivitetar/kurs og fungerer som eit støttande element for gruppene.
Per i dag har Amnesty UiB grupper som jobbar med eit av desse temaa: tortur, dødsstraff, barnerett, kvinnerett; og det finst grupper som jobbar med ein av desse regionane: Afrika, Asia, Latin-Amerika, Midtausten og Russland/Aust-Europa. Gruppene vel sjølve aktivitetsnivå og aktivitetar, så lenge dei held seg innanfor mandatet og nøytralitetsreglane til Amnesty.