Bergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1201 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Bergen |
Flatevidd: | 465 km² |
Folketal: | 242 158 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.bergen.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Herman Friele (H) 2003-2007 |
Bergen er den nest største byen i Noreg. Bergen kommune har over 242 000 innbyggjarar pr 1. januar 2006, 212 626 av desse i tettstaden. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune ligg i Bergen, slik sett er Bergen «hovudstaden» i Hordaland fylke. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.
Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Bergen vart grunnlagt av kong Olav Kyrre i 1070 og var Noregs hovudstad fram til 1299, då Oslo vart sete for kongen. Byen heldt stillinga som største byen i landet til ut i 1830-åra, og var frå ca 1350 til ca 1750 prega av den hanseatiske handelsverksemda, som Bryggen i Bergen minner om. Bryggen i Bergen står på UNESCO si liste over kulturarven i verda (verdsarvlista). Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen.
Folkemengd og vokster
I nyare tid har byen vorte utvida ei rekkje gonger:
- 1.1.1877: Bergen hadde 34.388 innb. Bergen landdistrikt innlemma med 4883 innb. Dette omfatta landssokna hjå Domkyrkja: Møhlenpris, Nygård, Lungegården og Kalfaret, og Sandviken landsokn.
- 1.7.1915: Bergen hadde 76.867 innb. Årstad innlemma med 7463 innb.
- 1.7.1921: Gyldenpris overført frå Laksevåg med 1734 innb.
- 12.8.1955: Fyllingsdalen overført frå Fana med 1590 innb.
- 1.1.1966: Område ved Orrtuvatn overført frå Fana med 4 innb.
- 1.1.1972: Bergen hadde 111.925 innb. Kommunane Arna (11.766 innb), Fana (44.402), Laksevåg (24.672) og Åsane (19.205) vart innlemma.
[endre] Geografi
Byen er kjend for å vera omkransa av fjell, og namnet «Bergen» er avleidd frå det norrøne Bjørgvin, som tyder 'enga mellom fjella'. Gulfjellet i Arna bydel er med høgda 987 m.o.h. høgaste fjellet i Bergen.
[endre] Noverande kommunegrenser
Kommunen Bergen ligg på Bergenshalvøya saman med Os kommune. Bergenshalvøya er knytta til resten av fastlandet via kommunane Vaksdal og Samnanger. Via fjordar grensar Bergen òg til følgjande andre kommunar i Hordaland fylke: Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy.
[endre] Bydelar
- Bergenhus: sentrum med Nygårdshøyden, Sandviken og Kalfaret. Bergen by før samanslutninga med Årstad i 1916.
- Årstad: sør for sentrum, innlemma i 1916.
- Fyllingsdalen: sørvest for sentrum, overført i 1955 frå Fana.
- Laksevåg: mot vest, innlemma i 1972.
- Fana: mot sør, innlemma i 1972.
- Ytrebygda: mot sør, innlemma som del av Fana i 1972.
- Åsane: mot nord, innlemma i 1972.
- Arna: mot aust, innlemma i 1972.
[endre] Politikk
Bergen Bystyre 2003-2007 | |
---|---|
Høgre | 18 |
Arbeidarpartiet | 16 |
Framstegspartiet | 11 |
Sosialistisk Venstreparti | 8 |
Raud Valallianse | 4 |
Kristeleg Folkeparti | 4 |
Pensjonistpartiet | 2 |
Venstre | 2 |
Senterpartiet | 1 |
Uavhengig | 1 |
Totalt | 67 |
Bergen kommune gjekk over til eit parlamentaristisk styresett i juni 2000, i Bergen ofte kalla byparlamentarismen, etter modell frå Oslo kommune. I Bergen er det byrådet og byrådsleiaren som representerer den utøvande makta. Parlamentarismen gjer bystyret kontroll over byrådet, og det er innførd funksjonar og retningsliner for mellom anna å kunne stille kabinettspørsmål. Uliks det nasjonale parlamentarismen, vert byrådet direkte valt av bystyret.
Bystyret i Bergen er samansett av 67 folkevalde politikarar frå ni forskjellige parti (Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raud Valallianse, Kristeleg Folkeparti, Pensjonistpartiet, Venstreog Senterpartiet) og éin uavhengig representant. Herman Friele (H) er ordførar, medan Kristian Helland er varaordførar (Kr.F.). Sju av bystyrepolitikarane er tilsette av kommunen som heiltidspolitikarar (kommunalrådar). Alle partigruppene får i tillegg løyvd pengar til politiske skrivarar og rådgjevarar, ut frå storleiken på gruppa.
Etter at eit byråd utgått av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde regjert sidan innføringa av byparlamentarismen i juni 2000, førte valresultatet frå kommune- og fylkestingsvalet i september 2003 til at byrådet måtte gå av. Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre danna 27. oktober 2003 byråd med Framstegspartiet som parlamentarisk grunnlag. Hausten 2005 nekta Framstegspartiet å halde fram med det budsjettmessige samarbeidet. Byrådet forhandla etter dette med Arbeidarpartiet, og gjekk inn i eit tidsbegrensa budsjettsamarbeid.
[endre] Språk i Bergen
- Les meir i artikkelen om bergensk
Bergensdialekten er kjend for å skilja seg frå hordalandsdialekten elles, og ber særleg preg av påverknad frå tyske hanseatar. Han er mellom anna blitt forenkla slik at han berre har to genus, samkjønn og inkjekjønn, mot tre i andre målføre (hannkjønn, hokjønn, inkjekjønn).
[endre] Målform
Forvaltningsmessig har Bergen tradisjonelt vore ein bokmålskommune, men har òg hatt eit stort innslag av nynorskbrukarar i akademia og i kulturlivet. Fleire aviser som vert redigerte både på bokmål og nynorsk kjem ut i Bergen, som til dømes Dagen og Bergens Tidende. Hausten 2005 gjorde Bergen bystyre eit vedtak om å vere målnøytrale, og tillate både nynorsk og bokmål i fråsegn, vedtak, utgreiingar og anna kommunikasjon.
[endre] Kjende bergensarar
- Ole Bornemann Bull, fiolinvirtuos
- Edvard Hagerup Grieg, komponist og pianist
- Kristofer Janson (1841–1917), forfattar
- Helge Jordal (1946– ), skodespelar
- Sissel Kyrkjebø, songartist
- Torborg Nedreaas, forfattar
- Amalie Skram, forfattar
- Gunnar Staalesen, forfattar
- Hans-Wilhelm Steinfeldt
- Arnulf Øverland, diktar
[endre] Les òg
[endre] Bakgrunnsstoff
|