Angel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angel er ein fjernsynsserie skapt av Joss Whedon for 20th Century Fox. Serien er ein avleggar av Buffy the Vampire Slayer og gjekk i fem sesongar frå 1999 til 2004.
[endre] Handling
Handlinga i Angel er lagt til Los Angeles, der Angel set opp sitt eige byrå for å kjempe mot vondskapen. Han får hjelp av Cordelia Chase (Charisma Carpenter) som gjekk på skole med Buffy. Seinare kjem det og andre til. Vondskapen vert snart synleg i advokatfirmaet Wolfram and Hart, som gjer alt dei kan for å manipulere Angel. Til slutt i serien vert vondskapen openberra og serien sluttar med ein open kamp.
[endre] Soga til Angel
Angel heitte opphaveleg Liam og vart fødd i Irland i 1755. Då han var 18 år vart han kasta ut frå heimen, mest av di han synte seg som ein udugeleg son, og ramla på fylla i den nærliggande landsbyen. Her vart han fanga opp av vampyren Darla (Julie Benz), som gjorde han til vampyr. I lag med Darla slakta han ned heile landsbyen sin og drap alle i familien han kom frå. Etter det tok han namnet Angelus, og herja over heile Europa dei følgjande hundre åra. Som vampyr var Angelus farleg og vondhuga. I 1860-åra tok han «omsut» for Drusilla (Juliet Landau), ei ung synsk jente, og dreiv ho frå vitet før han gjorde ho til vampyr. Drusilla gjorde seinare det same med den unge diktaren William Pratt, som vart til vampyren Spike (James Marsters). Desse fire fór herjande over verda, til Angelus drap ei ung sigøynarjente i Budapest i 1898. Sigøynarane hemna drapet ved å forbanne Angelus, og tvang sjela til Liam attende i vampyren Angelus. Frå då av vart han nøytt til å lide under dei vonde gjerningane han hadde gjort, og sleit med dårleg samvet. Samstundes kalla han seg Angel.
Forbanninga verka slik at han aldri kunne oppleve ein augneblink med rein lukke. Hende dette, ville sjela fara utor han, og Angelus ville koma fram, like vondhuga som før. Difor lyt Angel halde seg borte frå lukka, men freister å sone for fortida si ved å hjelpe dei gode, og verne om vampyrjegaren.
På den vonde sida vert det freista å narre Angel med falske spådomar og villspor, for å gjera han til eit uhyre att.
[endre] Emne
Emna i Angel krinsar mykje kring skuld og soning, frie val og lagnad. Serien er bygd opp som ein tragedie, der vondskapen tykkjest liggje eit hestehovud framfor Angel heile vegen. Difor vert serien òg rekna som mørkare i tonen enn Buffy-serien, som endar med ei lys tone. Serien er likevel vorten ei kult-serie, og mange av episodane er knytt opp mot parallell-episodar i dei siste sesongane av Buffy-serien.