Los Angeles
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Kallenamn: | Englane sin by («City of Angels») | ||||
Flatevidd - Total - av dette vatn |
1 290,6 km² 75,7 km² (5,86 %) |
||||
Folkesetnad (2000) - By - Tettstad - Tettleik |
3 694 820 16 373 645 3 041,3/km² |
||||
Tidssone | UTC -8 | ||||
Vennskapsbyar | Athen Auckland Berlin Mumbai Bordeaux Eilat Giza Guangzhou Jakarta Kaunas Lusaka Makati Mexico by Nagoya Pusan Salvador Split St. Petersburg Taipei Vancouver |
Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA. Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millioner.
LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.
[endre] Historie
Området Los Angeles ligg på har vore folkesett av amerikanske urfolk i tusenvis av år, i hovudsak av Chumashfolket og Tongvafolket.
Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolen Juan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.
Den 4. september 1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalt El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknytting til Fransiskanarane.
Fram til den mexicansk-amerikanske krigen i 1846-48 var byen ein liten meksikansk småby. Etter at USA erobra California byrja byen å veksa snøgt, som eit resultat av gullfeberen frå 1849. I 1850 fekk Los Angeles bystatus.
[endre] Biletgalleri
[endre] Lenkjer ut
- Offisiell nettstad (engelsk)
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |